Tandem Paragliding
Drøymer du om å fly over Voss?
Under Ekstremsportveko 2026 får du moglegheita til å oppleve fridomen i paragliding og sjå det spektakulære landskapet rundt Voss frå eit heilt nytt perspektiv.
Saman med ein erfaren instruktør frå Voss Hang- og Paragliderklubb startar du frå fjellet og svevar roleg gjennom lufta med utsikt over fjordar, dalar og fjell rundt deg. Dette er ei unik oppleving og ein av dei mest minneverdige måtane å oppleve Voss under festivalen.
Du treng ingen erfaring frå før – berre litt eventyrlyst og vilje til å ta nokre raske steg når de spring ut i lufta.
Kven kan fly?
For å halde oss innanfor trygge rammer kan vi berre ta med passasjerar som veg under 120 kg. Du må også kunne ta ein kort sprint, då du og instruktøren spring saman under takeoff.
Kva bør eg ha på meg?
Ta på gode sko og varme klede. Avhengig av forholda kan det hende du må gå 30–40 minutt for å kome til ein eigna startplass.
Booking
Voss Hang- og Paragliderklubb tilbyr både tandem paragliding og adaptive (HC) tandem paragliding under Ekstremsportveko.
Booking og påmeldingslenke kjem snart. Følg med.
Spørsmål?
Tandemkoordinator i Voss Hang- og Paragliderklubb
tandem@vosshpk.no

