Why Voss
WhyVoss – Din drømmejobb startar her
[Bilde frå eventet]
Work + Life + Voss = The Perfect Match
[Bilde frå eventet]
Er du student, nyutdanna, eller ein ambisiøs gründer? Ser du etter ein stad der du kan byggja karriere samtidig som du lever eit aktivt liv tett på naturen? Velkomen til Voss.
WhyVoss gir deg moglegheita til å bli kjend med lokale bedrifter, bransjar og gründerar som viser at du kan få i både pose og sekk – ein spennande jobb og ein endå meir spennande livsstil. Enten du er på jakt etter jobb eller vurderer å starta for deg sjølv, er dette din inngang til ei framtid i Voss.
Under Why Voss på Ekstremsportveko kan du møta lokale bedrifter, slå av ein prat og få innsikt i både kvardagen deira og ledige stillingar.
Sjå alle ledige stillingar i Voss her: [lenke]
Tid: 13:30–16:30, 25. juni 2026
Stad: Festivalarenaen
Inngang: Gratis for jobbsøkarar
Verksemder: Meld dykk på her!
Kva skjer?
[Video frå i fjor]
Møt bedriftene og bransjane som rekrutterer i Voss
Ingeniør og energi
Lokale verksemder viser korleis ein karriere kan blomstra i ein aktiv og naturnær kvardag.
Bygg og entreprenørskap
Voss er i vekst – bli med og bygg framtida.
Helse og offentleg sektor
Bli ein del av eit sterkt lokalsamfunn som satsar på trivsel og livskvalitet.
Berekraft og grøn industri
Møt verksemder som går føre i utviklinga av berekraftige løysingar.
Oppstart og næringsutvikling
Lær korleis du kan skapa dine eigne moglegheiter og bli ein del av det innovative miljøet i Voss.
Reiseliv og opplevingar
Bli ein del av hjartet i Voss – der eventyr, kultur og natur skaper heilårs arbeidsplassar.
Voss – meir enn berre jobb
Kvifor Voss?
Fordi kontorutsikta di kan vera snødekte fjell. Fordi møter like gjerne kan skje på ein sti som i eit møterom. Fordi du i Voss kan kombinera karriere, eventyr og livskvalitet – kvar einaste dag.
[Bilde]
Klar for å finna drømmejobben din i Voss? Bli med og oppdag WhyVoss.
[Bilde]
Verksemder kan lesa meir og melda seg på her!
Les meir om Last Thursday: [lenke]
Les meir om Ho Skapar: [lenke]
Informasjon om ungdomsarrangement: [lenke]

