La Sportiva - Social Run
Bli med på ein sosial løpetur saman med La Sportiva under Ekstremsportveko!
Dette blir ein lågterskel og inkluderande løpetur der fokuset er gode opplevingar, fine stiar og sosial stemning. Turen blir leia av Therese Sjursen, som tek dykk med på ei flott rute med start frå Veko Adventure Zone.
Enten du vil teste beina før kveldens festivalprogram, møte andre løpeglade folk eller berre kome deg ut på ein fin tur i Vossanaturen, er dette den perfekte arenaen.
Praktisk informasjon
Oppmøte: Veko Adventure Zone
Tid: 17:30
Pris: Gratis for alle
Guide: Therese Sjursen
Test La Sportiva demosko
La Sportiva stiller med demosko for dei som ønskjer å teste nytt utstyr under løpeturen.
Tilgjengelege modellar:
- Prodigio Pro
- Prodigio Max
Det er avgrensa tal størrelsar og par tilgjengeleg – førstemann til mølla gjeld.
Ta med godt humør og bli med på ein fin ettermiddag på stiane saman med oss!




