BMX Konkurranse
THIS EVENT HAS BEEN CANCELLED
Unfortunately, due to insufficient registrations to run a safe and competitive event, we have made the difficult decision to cancel these events this year. We plan to bring BMX back stronger in future editions of Veko.
We apologise for any inconvenience this may cause. Please check our website for the latest program updates throughout the week.
BMX Park Mayhem tek deg rett inn i hjartet av Voss Aktivitetspark – ein moderne betongpark laga for progresjon, flyt og kreativ køyring.
Dagen startar med riders briefing og trening før kvalifiseringane set i gang med ein variert miks av line contest, trick roulette og best trick. Her får utøvarane vist både tekniske ferdigheiter og kreativitet, medan nivået og stemninga byggjer seg opp gjennom føremiddagen.
Etter pausen skrur vi opp tempoet med The Roll Out, før det heile kulminerer i BMX Finals (runs) og den store finalen: BMX Super Finals – Game of B.I.K.E, der dei beste møtest i ein intens og publikumsvennleg duell.
Formatet er jam-basert, noko som betyr konstant action i parken, korte pausar og utøvarar som pushar kvarandre til nye høgder.
Dagen blir runda av med open session og uformelle konkurransar – perfekt for både deltakarar og publikum som vil halde energien oppe.
Program
09:45 – BMX Riders Briefing
10:00 – Trening
Kvalifiseringar
10:15 – Line Contest
11:00 – Trick Roulette
11:45 – Best Trick
12:30 – Lunsjpause
— THE ROLL OUT —
14:00 – BMX Finals (Runs)
14:45 – BMX Super Finals – Game of B.I.K.E
17:30 – Opne og uformelle konkurransar
Klassar
- Junior Girls
- Junior Boys
- Women
- Men
Krav
- Hjelm er påbode
- Deltakarar må stille med eigen BMX
Administrative krav
For å delta må alle utøvarar:
- Ha gyldig Extreme Pass, Junior Pass eller Volunteer Pass
- Ha fullført Athlete Registration
- Vere registrert for denne konkurransen