Cliff Masters - Voss

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.

Høge klipper. Ville elvar. Verdens beste cliff jumpers. Velkomen til Cliff Masters Voss.

I år er Ekstremsportveko vertskap for eit stopp i Cliff Masters, verdas leiande freestyle cliff jumping-konkurranse.

Sidan 2021 har Cliff Masters samla topputøvarar frå over 20 land og bygd opp ein internasjonal serie som kombinerer konkurranse, show og fellesskap. Her handlar det ikkje berre om høgde – men om kreativitet, stil og å presse grensene for kva som er mogleg i lufta.

Under Ekstremsportveko i Voss samlar vi nokre av dei mest spennande utøvarane i sporten til eit spektakulært oppgjer over vatnet.

Vinnaren av konkurransen sikrar seg ein plass i Cliff Masters-finalen i Barcelona seinare denne sommaren.
 


Eventdetaljer

Dato: Torsdag 25. juni
Konkurranse: 15:00 – 17:00
Warm-up: Open treningsøkt på morgonen
Deltakarar: Maks 12 utøvarar
Lokasjon: Blir annonsert seinare

Den eksakte lokasjonen blir annonsert seinare, men vi er på Vestlandet i Noreg, der dramatiske klipper, elvar og fossefall skapar ein spektakulær naturleg arena for konkurransen.


Eit show for publikum

Forvent store hopp, tekniske triks og augneblink der publikum held pusten før jubelen bryt laus.

Med live kommentering, musikk og utøvarar som pressar grensene frå klippa, ligg alt til rette for at Cliff Masters blir eitt av dei mest spektakulære eventa under Ekstremsportveko.

Etter konkurransen blir vinnaren feira både på konkurranseområdet og seinare på scena i festivalteltet, der høgdepunkta frå eventet også blir viste same kveld.


Påmelding for utøvarar

Vil du konkurrere i Cliff Masters under Ekstremsportveko?

Utøvarar må søkje om å delta. I søknaden må du dele lenker til tidlegare hopp, videoar eller sosiale medium som viser erfaring og nivå.

Eit dommarpanel går gjennom alle søknadane og vel ut 8–12 utøvarar til konkurransen.

Alle utvalde deltakarar må også gjennomføre testhopp under warm-up-økta på morgonen same dag.

Cliff Masters - Voss