
Head of Urban & Freestyle Sports
Fatima Mehidi
Ask me about Skate, BMX, Death diving and Freestyle Trampoline
Frykt. Timing. Full sending.
Dødsing er kanskje den mest brutalt underhaldande sporten du kan sjå frå kanten av eit vatn. Utøvarane kastar seg ut frå høge platå, strekkjer kroppen ut i fullt døds – og ventar heilt til siste augeblikk før dei brettar seg saman og treffer vatnet.
På Ekstremsportveko samlar vi nokre av dei mest fryktlause dødsarane til ein konkurranse der både stil, teknikk og galskap tel. Klassiske døds er framleis ein viktig del av showet, men konkurransen opnar også for tekniske og kreative hopp som gir poeng gjennom fleire rundar.
Det betyr større hopp, villare triks og eit publikum som held pusten heilt til siste sekund.
Til slutt står berre dei beste igjen, klare til å bli krona til King eller Queen of Lokst.
For publikum betyr dette ei konkurranse full av energi, store satsingar og augeblikk du nesten ikkje trur er mogleg. Når dødsing tek over Lokst, veit du at noko spektakulært er i ferd med å skje.

Head of Urban & Freestyle Sports
Ask me about Skate, BMX, Death diving and Freestyle Trampoline

