Seglfly

Program lenger ned

Stille. Fritt. Uendeleg.

Det einaste du høyrer er vinden langs vingane og det svake pipet frå variometeret når seilflyet stig i berande luft.

Kanskje er det ei varm termikk som løfter deg høgare. Kanskje er det vinden som aukar langs fjellsida og gir ekstra fart. Uansett har du funne energien i lufta og gjer høgd om til distanse.

Seglflyging handlar om å lese lufta og bruke naturens usynlege krefter til å fly lengre og høgare – heilt utan motor. For nokre pilotar handlar det om lange distansar og presisjon, for andre om den reine gleda ved stille flyging.

Under Ekstremsportveko samlast pilotar på Voss for å utforske luftrommet over fjordar og fjell.


Seglflyging på Voss

Seglflyging har vore ein del av Voss sidan 1958, og det dramatiske landskapet med fjell og fjordar gjer området til ein av dei mest spennande stadene å fly i Europa.

Her finn pilotar ei unik blanding av termikk, hangvind og kraftige fjellbylgjer, forhold som har gjort det mogleg å fly distansar på opp mot 1000 km.

Basen ligg på Bømoen flyplass, der både lokale og tilreisande pilotar opererer gjennom heile festivalveka.

Og sjølv om du står på bakken, kan det lønne seg å løfte blikket – du kan plutseleg sjå eit seilfly som stille kryssar himmelen over Voss.


Spørsmål om denne sporten? Ta kontakt med oss!

TipsKlikk på eit arrangement for å lese meir og melde deg på. Klikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
Seglfly