Aerobatics
Sign up - Step-by-step Guide
1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Extreme Pass Junior, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.
Konkurranseformat
Eleganse, presisjon og full kontroll i lufta. Aerobatics Competition under Ekstremsportveko samlar seglflypilotar på himmelen over Voss for å vise kva desse stille flya verkeleg er i stand til.
Konkurransen går over to dagar, 20.–21. juni, med måndag 23. juni som reservedag dersom vêret ikkje tillet flyging.
Pilotane flyr eit førehandsdefinert aerobatisk program med loopar, rullar og vertikale manøvrar. Alt vert vurdert etter presisjon, flyt og kontroll. Alle deltakarane flyr det same programmet, noko som gjer konkurransen til ein rein test av flyferdigheiter.
Frå bakken på Bømoen kan publikum sjå seglfly teikne reine linjer over himmelen medan pilotane pressar grensene for kva som er mogleg utan motor.
Elevpilotane er også velkomne til å delta og kan konkurrere med ein tryggleikspilot i baksetet.
Alle pilotane flyr det same førehandsbestemde aerobatiske programmet.
Programmet vert annonsert nærare arrangementet.
Klasse
Open klasse
Utstyr
Ta med eige seglfly, eller seglfly kan bli stilt til disposisjon av klubben.
Administrative krav
Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:
- Gyldig Extreme pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)
Oppmøte
Voss Flyklubb
Bømoen Flyplass
