Junior “Play the River” Clinic
Påmelding - Steg-for-steg Guide
1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Extreme Pass Junior, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.
Kurskonsept
Her får neste generasjon utvikle seg.
Etter suksessen i fjor tek vi tilbake Junior Play the River Clinic. Ein heil ettermiddag på elva med fokus på ferdigheiter, sjølvtillit og – viktigast av alt – å ha det gøy.
Dette handlar ikkje om konkurranse. Det handlar om å lære å bruke elva.
Surf ei bølgje.
Prøv eit nytt triks.
Rot det til.
Prøv igjen.
Instruktørane våre legg til rette for eit trygt og støttande miljø der juniorane kan utfordre seg sjølve i sitt eige tempo. Enten du nett har byrja å bli komfortabel i straum, eller du allereie jaktar små features, vil det vere noko å jobbe med.
Klinikken vil gå føre seg på ei elvestrekning som passar for nybyrjarar og padlarar i utvikling. Oppmøte ved Voss Elveklubb.
Endeleg paddlestad vert bestemt same dag, basert på vassføring og deltakarnivå.
Aldersgrenser
10–16 år
Deltakarar må vere komfortable med padling i minst grad 2.
Utstyr
- Kajakk og åre
- Half slice eller playboat er anbefalt
- Hjelm
- Flytevest godkjend for strykpadling
- Klede som er eigna for kaldt vatn
Dersom du treng å låne utstyr, ta kontakt på førehand.
Foreldre
Vi kan trenge hjelp til shuttle/køyring. Dersom du kan bidra, ta gjerne kontakt.
Administrative krav
Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:
- Gyldig Junior Pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)
Dette kurset handlar om å byggje tryggleik, ferdigheiter og fellesskap på elva.
Kom og leik på elva!


