Frivilligroller
Adventure og Events
I adventure- og eventcrewet organiserer vi for å skape minneverdige opplevingar. Nokre gongar betyr det å jobbe direkte med aktivitetane som går føre seg, gi informasjon og leggje til rette. Andre gongar handlar det om å rigge til og halde rommet der hendingar kan utfolde seg.
Uansett vil du jobbe tett på folk og bidra til god energi, enten det handlar om problemløysing, å heie folk fram eller stille og roleg sørgje for at alt er klart i bakgrunnen.
Bar Crew
Du skal servera drikke og forfriskningar til alle dei kule folka som kjem på Ekstremsportveko, og kanskje får du med deg ein konsert samtidig?
Du må vere minst 18 år for å bli med i crewet.
Festival Camp
Ver ein del av den gode stemninga på festivalcampen! Hjelp til med innsjekk, utsjekk og organisering av telt og plassar, og bidra til å skapa fellesskap og god stemning. Ein perfekt måte å bli kjent med folk og vere midt i festivalpulsen!
Medical Team
Vi ser etter profesjonelle helsearbeidarar som vil vere med i det medisinske teamet. Autorisert helsepersonell med lisens som paramedisinar, ambulansearbeidar, sjukepleiar eller lege – særleg erfaring med akuttmedisin er høgt verdsett.
Fortel oss gjerne om erfaringa di når du søkjer.
Merch-butikk
Likar du sal og mote? Bli med i gjengen som sel det kule Veko-merchet vårt! Engasjer kundar, handter betalingar, fyll opp varer og vis fram det råaste merchet som finst!
Registrering og Billettcrew
Ta imot gjestane med eit smil og ver ein av dei første blide andleta dei møter! Sjekk billettar, del ut armband og ver klar til å svara på mange spørsmål.
Rigg
Ver med i riggecrewet som får alt til å skje frå start til slutt! Riggecrewet står for både bygging og riving av festivalen. Dei set opp scener, telt og arenaer før det heile brakar laus, og hjelper til med å pakke ned når veka er over.
Resultat og Prisutdeling
Ver ein del av teamet som samlar inn sportsresultat under arrangement, oppdaterer resultatlister, har oversikt over premielageret, handterer logistikk rundt utdeling og sørgjer for ei smidig premieutdeling.
SPV Frivilligområde og Joy Patrol
Dette smilande teamet held Veko-ånda levande! Dei serverer mat, sprer god stemning og løftar energien i den fantastiske frivilligfamilien vår. Dei er alltid der med ein tallerken, ein oppmuntrande prat, ein klem eller ein high five når det trengst som mest.
Adaptive Crew
Ver med og få våre adaptive idrettsarrangement til å skje! Ver ein sentral del av å visa at ekstremsport er for alle.
"Med på alt" Crew
Klarer du ikkje å velje kva du vil bli med på? Bli med i "Med på alt"-crewet!
Dette er det ultimate allround-teamet som hjelper til der det trengst ekstra hender. Du kan bli med på ulike idrettsarrangement, rundt festivalområdet eller litt av alt imellom. Alt du treng er godt humør og eit ope sinn.
Fotograf
Har du auge for dei gode festivalaugneblikka?
Bli med i fotocrewet som fangar hjartet av Veko, frå adrenalinet under idrettsarrangementa til magien i festivalteltet, stemninga på campen og alle dei uforglemmelege augneblikka imellom.
PS: Fotografar må ta med sitt eige kamera.
Social Media Crew
Ver med på å fanga og dele energien frå Veko i sanntid! Lag live‑innlegg, storyar og innhald til festivalkanalane våre. Framhev dei store augneblikka, engasjer følgjarane og hald stemninga på topp heile veka.
Dagens Video Crew
Vi ser etter kreative og energiske frivillige som vil fanga magien på Veko og vera med på å laga våre daglege oppsummeringsvideoar. Dersom du likar historieforteljing, filming, redigering, eller berre vil vere ein del av det mest morosame og tempofylte mediateamet som finst. Dette er sjansen din!
Sport
Som Sportsfrivillig er du med på det som skjer før, under og etter arrangementa. Arbeidsoppgåvene kan vera alt frå å byggja og rigga opp arenaene til å hjelpa med logistikk som parkering og koordinering.
Nokre roller krev spesifikk kunnskap om sporten, så gi gjerne beskjed om du har erfaring frå før. Om du ikkje har det, går det heilt fint; entusiasme, samarbeid og ei hjelpande hand er minst like verdifullt.

