Ekstremstølsveko

Trivst du best med full fart opp og ned fjellsidene? Her er ein aktivitet som funkar fjell – i alle vindforhold!


Fredag 21. juni går startsskotet for Ekstremstølsveko. Her er det om å gjere å gå flest stølsturar innan fredag 28. juni kl. 12.00.

Dette treng du

  1. Du treng eit stølsturhefte. Det kan du kjøpa fylgjande plasser:
    1. Visit Voss
    2. Endeve Sport
    3. Skandinavisk høyfjellsutstyr
    4. Dyrdal Haugamoen

  2. Du kan henta ut eit deltakarkort i Turistinformasjonen hjå Visit Voss. Dette kan du henta ut f.o.m torsdag 20. juni kl. 12.00. Du kan også lasta ned og skriva ut deltakarkortet sjølv om du ynskjer det.

Deltaking
- På deltakarkortet som du får hjå Turistinformasjonen skriv du inn dato/starttida di ved parkeringa på fyrste stølstur.

- Du klypper i deltakarkortet på alle stølane. 

- Ved parkeringa etter siste stølstur skriv du inn dato/slutttid. 

- Du vel sjølv kva rekkjefylgje du vil gå/springa til stølane.

- Dette er basert på tillit: juks er kjipt - den du lurar mest er deg sjølv.

Innlevering av deltakarkort
- Lever så deltakarkortet ditt i postkassa til Voss Utferdslag ved inngangsdøra til Tre Brør innan fredag 28. juni kl. 12.00

Premiar til vinnarane
Den/dei som fullfører alle turane raskast får premiar på premieutdelinga til Ekstremsportveko i teltet fredag 28. juni.

Du treng ikkje vera registrert utøvar på Ekstremsportveko for å vera med på dette arrangementet.

Lukke til!  

#ekstremstølsveko