Bli med på ein forfriskande start på Veko! Me går opp Hangurslia frå Mølstertunet, og nyt ein avslappande yogatime ved gamle Hangursrestauranten.
Oppmøte:
Parkeringa ved Mølstertunet kl. 11.
Gradering/ vanskelegheitsgrad:
Middels (Blå): 450 høgdemeter og ca. 2 kilometer.
Pris:
150 kr for medlem eller Veko festivalpass (vekespass)
300 kr for ikkje-medlem
Turomtale:
Me fylgjar ein godt merka sti frå Mølstertunet opp Hangurslia til gamle Hangursrestauranten. Me går i eit roleg tempo gjennom tett skog som opnar seg opp i takt med høgdemeterane. Etter om lag ein god time når me gamle Hangursrestauranten. Her tek me ein pust i bakken og litt påfyll, før me slår ut yogamattene våre på terassen. Blir det dårlig vêr flyttar me oss inn under foajeen. Helle Karlsdottir står for ein herlig yogatime med "Mjuk Flyt – Yoga for kropp, pust og livsglede."
Skildring av yogatimen:
Ei varm og inviterande yogastund som gjev deg lov til å landa – i kroppen, i pusten, og i deg sjølv. Me rører oss mjukt og medvitent, med ein leiken og tilgjengeleg flyt. Her treng du ikkje prestere noko som helst – berre møta deg sjølv akkurat slik du er. Gjennom rørsle, kvile og nærvær får du rom til å stressa ned, finne krafta di innanfrå, og kjenne på livsglede.
Krav til deltakarane:
Gå tur i på sti i bratt og ulent terreng.
Utstyr:
- Eigen yogamatte
- Drikkeflaske
- Lunsj/ snacks
- Regntett og vasstett jakke
- Varm genser
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Turleiarar:
Sofie Hagland Børseth (TIf 90 23 88 57)
Om Helle Karlsdottir
Helle Karlsdottir er yogalærar, musikar og eit fridomselskande menneske. Ho brenn for det ekte og nære – for rørsle som gjer godt, for å vere i takt med naturen, og for å skape rom der folk kan kjenne seg heime i seg sjølv. Med ein fot planta i det jordnære og den andre i det litt magiske, inviterer ho deg med på ei reise innover – utan krav, men med mykje hjarte.
@hellekarlsdottir / www.hellekarlsdottir.no