Familiebankens Hyggemeterskog

Ekstremsportveko og Sparebanken Vest inviterer til ei heil veke med gratis leik og moro. Familiebankens Hyggemeterskog er open måndag til laurdag frå 11.00 til 18.00 i Prestegardsmoen under Ekstremsportveko.

Her kan borna leike og kose seg med mykje artige aktivitetar medan foreldra kan kvile med ein kopp kaffi. Dette er bornas Ekstremsportveko med klatrestativ, huskestativ, hoppeslott, tumblingmatter, flytande trampoline og mykje meir.
I parken vil dei bli møtt av hyggelege folk som har erfaring med born.

Tumbling
Air track tumblingmattene våre vil kunne nyttast kvar dag og her kan ein øve på hopp og triks. Voss turn vil også være tilstede noen av dagene og våre folk vil passe på at alle får prøve i tur og orden.

Hoppeslott
Hoppeslottet vil vere ope kvar dag for alle som vil slå seg laus.

Flytande trampoline
Det vil bli sett opp ei flytande trampoline på vangsvatnet rett ved Hyggemeterskogen. Me vil stilla med personal, men bading skjer på eige ansvar. Ta med badeklede og kos dykk i sola.

Slacklines
Slacklines vil henge oppe kvar dag der alle kan prøve seg på balansekunstar.

Hengekøyer
Det vil bli hengt opp noen hengekøyer rundt i parken til de som vil slappe litt av og nyte roen.

Leiker
Kvar dag kl 12.00 vil me arrangere litt organiserte leiker for alle barn og vaksne. Vi vil sette igang med spillet kubb, og vi har andre leker, spill som er til utlån, bare spør våre trivelige frvillige.

Ansiktsmaling
Vi vil stille med ansiktsmaling til barna på lørdag formiddag fra kl 12.00, her vil det være mulig å få enkle design malt på kinn, av våre kreative folk.

Vossakjøt
Vossakjøt vil komme og selge pølser og vi har bord og benker der ein kan kvile ut etter øktene.

Me ynskjer dykk velkomne til Familiebankens Hyggemeterskog under Ekstremsportveko!