Saman gjer vi det betre
I 201 år har Sparebanken Vest støtta folk og organisasjonar som bidrar til vekst og gode fellesskap på Vestlandet. Ekstremsportveko er eit glitrande døme på dette – verda kjem til Voss, og der møter dei vossingane med ein iver og ei dugnadsånd utan sidestykke.
Dette ønskjer Sparebanken Vest å støtte, og difor har banken vore samarbeidspartnar for Ekstremsportveko i 11år. Under Ekstremsportveko er Sparebanken Vest med på fleire prosjekt som bidrar til at festivalen kan ha ei rekkje med gratisarrangement for born, me støttar opp om det gode frivillige arbeidet slik at 750 frivillige har det godt på jobb og me er med på prosjekt som løfter lokalt næringsliv og samarbeid – blant anna!
Vi i Sparebanken Vest ønskjer å bidra til at Vestlandet blir ein betre plass å bu – no og i framtida. Vi støttar dei tiltaka som skapar tilhøyrsle, levande lokalmiljø og idear og prosjekt som bidrar til den grøne omstillinga.
Les meir om korleis Sparebanken Vest jobbar med samfunnsansvar og korleis ein kan søke om støtte til frivillige organisasjonar og prosjekt på spv.no: https://www.spv.no/om-oss/samfunnsansvar