Ekstremsportveko Internprogram

Arbeidsgiver: Ekstremsportveko

Stillitstittel: Prosjektkoordinator

Frist: snarleg

Ansettelsesform: Internship

 

Kort om veko:

Ekstremsportveko er verdas største ekstremsportfestival. Me er ein ikkje-kommersiell og sjølveigd stiftelse med formål om å arrangere den årvisse "Veko". Sidan 1998 har nasjonale og internasjonale konkurransar i over 20 ulike sportar vore kjernen i Veko. Musikk, film og andre lågterskelaktivitetar er og ein del av arrangementet. Ekstremsportveko skal vere open og inkluderande, og tilbyr aktivitetar for alle. Veko har satsa offensivt på ein internasjonal TV-distribusjon som har gjort at Veko har fått auka interesse ute i verda. Ekstremsportveko har derfor fått fleire internasjonale meisterskap og cupar.

 

Om internprogrammet:

Vil du bidra til å skape verdas største ekstremsportfestival og få nyttig arbeidserfaring med på vegen? Ekstremsportveko blei etablert på Voss for 26 år sidan og har igjennom åra skilt seg ut som ein av verdas mest unike festivalar. Festivalen er ikkje berre kjend for ekstremsport i vakker natur. "Veko" har også skrive historie innanfor TV, film, media, musikk, inkludering, naturvern og ytringsfridom. No opnar me moglegheiten for deg som ynskjer deg eit internship for å utvikle din kompetanse i arbeidsmarknaden.

Me har fått ny Big boss, og hans viktigste oppgåve i 2024 er ikkje å drite seg ut. Aleine klarar han heilt sikkert ikkje å unngå det. Derfor etablerar me eit internprogram i håp om å skaffe motiverte prosjektkoordinatorar som kan støtte og utvikle arrangementet vårt i samarbeid med staben vår.

Tanken er at kvar av prosjektkoordinatorane skal bidra til å fylgje opp ulike delar av arrangementsprosjektet i samarbeid med dagleg leiar og resten av administrasjonen. Me har mange spennande arbeidsoppgåver for den rette kandidaten. Me ynskjer oss internshipkandidater med pågangsmot og positiv innstilling. Me er tilpasningsdyktige med tanke på når du kan starte og kor mykje du kan jobbe, men ser for oss oppstart rundt påsketider og at du er tilgjengelig om lag ein til to dagar i veka frem til, og under selve gjennomføringa. Med muligheter for å auke mengden etter avtale. Du kan arbeide frå kor som helst, men me treng deg på Voss i forbindelse med gjennomføring.

 

Er du motivert og trur du kan bidra innanfor fylgjande oppgåver:

Festival, Sport, Kultur, Bærekraft, Inkludering, Næringslivsaktiviteter, Organisasjonsarbeid og utvikling, TV, media og kommunikasjon

 

Oppgaver og ansvar:

  • Koordinere naudsynt informasjon for ein effektiv gjennomføring av arrangementet
  • Halde kontroll på programinnhaldet
  • Bidra til å gjere besøksopplevinga så god som mogleg
  • Sette berekraftsarbeidet høgare på agendaen gjennom konkrete tiltak
  • Bidra til effektiv drift av organisasjonen
  • Sjå etter forbedringstiltak

 

Ønskede kvalifikasjoner:

Hjå oss kan du passe inn med både formell og uformell kompetanse. Har du ein spennande erfaringsbakgrunn så vil me høyre frå deg. Er du relativt fersk på skulebenken hjå eit universitet og vil testa teoriane i praksis, ja så er du også velkommen til å sende ein søknad. Me er fyrst og fremst opptatt av at du er rett person, og er villig til å bruke din kompetanse for å gjere oss betre.

 

Betingelser:

Dette er eit internprogram der hovudmotivasjonen må vera å testa sine eigenskaper og kunnskap i relevant arbeid. Du vil motta et symbolsk honorar pluss eit vekespass til Ekstremsportveko.

 

Nettverk: Linkedin, Facebook, Instagram

Sektor: Organisasjoner

Sted: Voss

Hjemmekontor: Mulighet for hjemmekontor

Bransje: Event og arrangementer, idrett og trening, kunst og kultur

Stillingsfunksjon: koordinering, prosjektledelse

Arbeidsspråk: Norsk og engelsk

Høres dette spennende ut? Ikkje nøl med å ta kontakt!
Send oss ein e-post med litt informasjon om deg sjølv, motivasjonen din for dette og legg ved ein CV. Sendes til tord@ekstremsportveko.com.

Me gler oss til å høyra fra deg!