Speed Climbing
Påmelding - Steg-for-steg Guide
1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Extreme Pass Junior, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.
Konkurransekonsept
Speedklatring er ein intens konkurranse der to klatrarar konkurrerer side om side på identiske ruter. Rutene er sett med gode tak og er bygde for å gi maksimal fart og flyt, slik at utøvarane kan klatre veggen i fullt tempo.
Dette handlar om rein fart, eksplosiv styrke og presisjon.
Slik fungerer det
Begge klatrarane startar med hendene på eit definert starttak og føtene på bakken. Når startsignalet går, er det full fart mot toppen.
Kvar utøvar får minst to forsøk på kvar side av veggen. Den beste tida frå begge sidene tel i resultatet.
Målet er enkelt: Nå toppen og slå på bjella.
Etter kvalifiseringa går dei seks raskaste klatrarane i kvar klasse vidare til finalen.
Finaleformat
Dei seks beste klatrarane i kvar klasse konkurrerer om kven som blir den raskaste.
Kvar utøvar får to forsøk på kvar av dei identiske rutene for å sikre like forhold.
Den beste tida frå kvar side vert lagt saman. Klatraren med raskast total tid vinn.
I kvar duell vinn den som først når toppen og bjella, men det er samla tid frå begge rutene som avgjer kven som til slutt står øvst på pallen.
Klassar
- Kvinner 16+
- Menn 16+
Utøvarar som er 16 eller 17 år kan delta dersom dei har gyldig Junior Pass.
Alder og pass vil bli kontrollert før konkurransen.
Påkrevd utstyr
- Klatresko
- Kalk
Administrative krav
- Gyldig Extreme pass, Junior Pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
Bli med til klatretårnet ved Skydive Voss for ein dag med raske løp, tette duellar og høg stemning.
Spørsmålet er berre: Kven er raskast til toppen?



