Landingskonkurranse
Påmelding - Steg-for-steg Guide
1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Extreme Pass Junior, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.
Konkurranseformatet
Linje markerer punktet. Klarer du å lande nøyaktig på det?
I landingskonkurransen under Ekstremsportveko er målet enkelt: set hjulet så nær landingsmerket som mogleg. Presisjon, timing og god kontroll avgjer om du får ei perfekt landing eller hamnar langt nede på resultatlista.
Landar du før merket, tel forsøket ikkje. Den som landar nærast punktet vinn.
Dersom vêret tillèt det, får kvar deltakar to forsøk. Pilotane kan sjølve velje kva seglfly dei vil fly.
Elevpilotane er også velkomne til å delta og kan fly saman med ein instruktør. Konkurransen er open for alle.
Klasse
Ei open klasse
Nivå
Passar også for nybyrjarar
Utstyr
Seglfly vert stilt til disposisjon av klubben
Administrative krav
Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:
- Gyldig Extreme pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)
Oppmøte
Voss Flyklubb
Bømoen Flyplass


