Giant slalom & Head 2 Head

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
Påmelding - Steg-for-steg Guide

1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.

 

Tirsdagen er raftingens dag på Ekstremsportveko, og er ein heil dag med konkurranse og action på elvane rundt Voss.

Laga konkurrerer i to disiplinar, Giant Slalom og Head-to-Head, der samla resultat avgjer kva lag som verkeleg meistrar stryka.

Etter morgonbriefen lagar laga lunsj, lastar bussane og køyrer opp langs elva. Før konkurransen startar blir det køyrt ein full treningsrunde.

Maks 12 lag.


Konkurranseformat

Giant Slalom

Eit elveløp nedover med fleire tekniske portar. Å treffe eller misse portar gir tidsstraff.

Løypa startar ved Voss Active Klatrepark, nedanfor stryket Moneydrop, og går i mål ved stryket Kåre. Plasseringa av portane vil variere etter vassføring.


Reglar

Staggered start med 3 minutt intervall

Alle lagmedlemmer må krysse målstreken


Le Mans-start

Alle padlarane står på startlinja medan flåten ligg ved elvekanten med eitt lagmedlem som held han

Årene skal liggje inne i flåten ved start

Kvar båt må ha minst ein kasteline (throwbag)


Head-to-Head

To flåtar konkurrerer direkte mot kvarandre i knockout-heat.

Løypa startar ved Voss Active Klatrepark og går i mål rett nedanfor stryket Laila.

Heata blir sett opp basert på resultata frå Giant Slalom. Det raskaste laget møter det tregaste, og så vidare. Laget med best plassering vel startposisjon i bakevja.

Vinnarlaga må raskt laste flåte og utstyr på minibussen og returnere til start for neste runde.


Reglar

- Å dytte båtar med åra er tillate
- Å blokkere båtar med båten er tillate
- Å ramme båtar med båten er tillate
- Kontakt mellom åre og kropp er ikkje tillate
- Det er ikkje tillate å halde fast i andre flåtar


Krav

- Laga må ha erfaring frå klasse IV rafting.
- Lagkapteinen må ha erfaring med guiding på klasse III+ elv.
- Alle lagmedlemmer må ha gyldig Extreme Week Athlete Pass og vere registrerte individuelt som utøvarar før konkurransen.
- Éin utøvar melder på heile laget.
 


Klassar

- Éin klasse – blanda lag
- 4 deltakarar per lag
- Maks 12 lag
 


Nivå

Deltakarane må ha erfaring frå grad III–IV stryk og vite korleis ein opptrer i redningssituasjonar på elv.


Påkrevd utstyr

- Hjelm
- Våtdrakt
- Elvesko
- Flytevest (PFD)
- Årer
- Riverboards
- Flåtar
- Det meste av utstyret kan stillast til disposisjon av arrangøren.

Kvart lag må ta med eigen kasteline (throwbag), då mange av arrangøren sine kasteliner er reserverte for sikkerheitsteamet.


Administrative krav

Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:
- Gyldig Extreme pass, Junior Pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)
 


Oppmøte

Voss Active

Nedkvitnesvegen 25
5710 Skulestadmo

GPS-koordinatar

60.654791
60.443448

Giant slalom & Head 2 Head