Veko Trail

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
TBA
Lør. 27.06 // 10:30

NY BILLETT FOR DETTE EVENTET

Denne konkurransen kan deltakast i med enten Single-Event Sport Pass eller Extreme Pass.

Single-Event Sport Pass gir tilgang til konkurransen og festivalområdet den dagen konkurransen går. Extreme Pass gir deg tilgang til å delta i alle dei andre sportane og heile festivalprogrammet.

Pris for Single-Event Sport Pass: 1190 NOK

Les meir om Single-Event Sport Pass her.

Påmelding - Steg-for-steg Guide

1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Single-Event Sport Pass, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.

No har du moglegheita til å kombinere terrengløping med ein av dei mest unike festivalane i Noreg. Velkomen til Veko Trail, terrengløpskonkurransen under Ekstremsportveko.

Dette løpet tek deg gjennom noko av det vakraste løpsterrenget rundt Voss. Du kan forvente varierte stiar, spektakulær utsikt mot fjella og ei løype som kombinerer tekniske parti med raskt og lettløpt terreng.

Løpet avsluttar midt i festivalområdet, der stemninga frå Ekstremsportveko ventar.

Maks 150 deltakarar.


Distanse

- 26,6 km
- Stigning: 1010 høgdemeter

Underlag

- Om lag 40 % sti / 60 % grus


Start og transport

- Bussar transporterer løparane til start.
- Avgang frå Voss Tinghus kl. 09:45.
- Start kl. 10:30.


Løypebeskriving


Det kan bli endringar i løypa. Endeleg løype vil bli annonsert før start.


Start – CP Hedleberget (13,5 km)

Frå Langedalen går løypa opp ein merka fjellsti mot Lemme. Stigninga er teknisk og til tider bratt før terrenget opnar seg over tregrensa nær Øyjordstølen.

På løypas høgaste punkt, Skorseteggi (972 moh.), blir løparane belønna med ei spektakulær 360-graders utsikt over fjella rundt.

Herfrå held ruta fram langs vakre fjellstiar forbi Koellingseggi, før ho går ned mot stølsområdet ved Liaset. Ein fjellveg fører vidare ned mot Lemme og vidare til Hedleberget.

 

CP Hedleberget – Mål (13 km)

Frå Hedleberget følgjer løypa Kulturstien, som viser fram delar av den historiske skiferdrifta i området.

Etter ein kort etappe på asfalt går løypa vidare inn på sti og startar den siste stigninga mot Storåsen, før ho passerer gjennom det vesle naturreservatet Håmyrane.

Ein flytande nedtur frå Storåsen fører løparane tilbake mot dalen. Den siste delen går langs grusvegar på Prestegardsmoen, før målstreken blir kryssa ved Veko-festivalteltet.

Se meir her! 


Obligatorisk utstyr

- Terrengløpesko
- Vind- og vassett jakke
- Vind- og vasstett bukse
- Nødteppe
- Mobiltelefon
- Førstehjelpsutstyr
- Elastisk bandasje
- Plaster
- Drikkesystem på minst 1 liter
- Tørt ekstra lag for overkroppen
- Løpesekk eller vest
- Næring (anbefalt minimum 800 kcal)


Anbefalt utstyr

- Lue
- Hanskar
- Buff eller hals
- Staver til terrengløping


Administrative krav

Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:

- Gyldig Extreme passFrivillig pass eller Single-Event Sport Pass 
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)
 


Veko Trail course

Veko Trail