Veko Ultra
NEW TICKET TYPE FOR THIS EVENT
This competition allows participation with a Single-Event Sport Pass or of course Extreme Pass.
The Single-Event Sport Pass gives access to the competition and the festival arena on the day the competition takes place.
Price for this event: 1190 NOK
Påmelding - Steg-for-steg Guide
1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Single-Event Sport Pass, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.
No har du sjansen til å kombinera fjelløping med ein av dei mest unike festivalane i Noreg. Velkomen til Veko Ultra, den lengste distansen i terrengløpa under Ekstremsportveko.
I lag med Veko Trail tilbyr Ekstremsportveko to terrengløp gjennom fjell rundt Voss. Medan Veko Trail går over 26,6 km, er Veko Ultra den lengre og meir krevjande utfordringa med 50 km lang løype. Informasjon om den kortare distansen finn du på sida til Veko Trail.
Løypa tek løparane gjennom variert terreng med tekniske stiar, stølsvegar og fine grusparti. Undervegs får du oppleva noko av det vakraste løpsterrenget rundt Voss før du kjem i mål midt i festivalområdet.
Maks 250 deltakarar.
Distanse
- 50 km
- Stigning: 1880 høgdemeter
Underlag
Om lag 50 % sti / 50 % grus
Løypebeskriving
Det kan bli endringar i løypa. Endeleg løype vil bli annonsert før start.
Start – CP Fjosestølen (14,5 km)
Starten går frå Torget på Voss, før løypo tek seg ut frå sentrum mot Storåsen. Etter nokre kilometer på asfalt og grusveg held løypo fram på sti over Storåsen før ho klatrar vidare mot Kyte og Raudkjeldo.
Ruta følgjer tekniske stiar forbi Singesetvatnet før ho når fyrste sjekkpunkt på Fjosestølen.
CP Fjosestølen – CP Langedalen (9 km)
Frå Fjosestølen held løypo fram på stølsveg før ho går over på tekniske stiar langs Helgasetvatnet og vidare nordover inn i Langedalen.
Stien går så over i ein fjellveg som følgjer elva Langegjolo fram til neste sjekkpunkt.
CP Langedalen – CP Hedleberget (13,5 km)
Frå Langedalen byrjar stigningo opp ein merka sti mot Lemme. Oppstigningo e teknisk og til tider bratt før terrenget opnar seg over tregrenso ved Øyjordstølen.
På løypo sitt høgaste punkt, Skorseteggi (972 moh.), blir løparane belønna med ei spektakulær 360-graders utsikt over fjelli rundt.
Herifrå går ruta vidare på fine fjellstiar forbi Koellingseggi, før ho går ned mot stølsområdet ved Liaset og vidare ned mot Hedleberget.
CP Hedleberget – Mål (13 km)
Frå Hedleberget følgjer løypo Kulturstien, som viser fram delar av den historiske skiferdrifto i området.
Etter eit kort parti på asfalt går løypo over på sti og byrjar den siste stigningo mot Storåsen, før ho passerer gjennom det vesle naturreservatet Håmyrane.
Ein fin og flytande nedtur frå Storåsen tek løparane tilbake mot Voss. Den siste delen går langs grusvegar på Prestegardsmoen før målstreken ventar ved Veko-festivalteltet.
Se meir her!
Obligatorisk utstyr
- Terrengløpesko
- Vind- og vasstett jakka
- Vind- og vasstett buksa
- Nødteppe
- Mobiltelefon
- Førstehjelpsutstyr
- Elastisk bandasje
- Plaster
- Drikkesystem minimum 1 liter
- Tørt ekstra lag te overkroppen
- Løpesekk eller vest
- Næring (anbefalt minimum 800 kcal)
Anbefalt utstyr
- Lue
- Hanskar
- Buff / hals
- Stavar til terrengløping
Administrative krav
Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:
- Gyldig Extreme pass, Frivillig pass eller Single-Event Sport Pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)
Single-Event Sport Pass
Denne konkurransen kan gjennomførast med Single-Event Sport Pass.
Passet gir deltaking i konkurransen og tilgang til festivalarena den dagen konkurransen blir arrangert.
Pris for dette eventet: 1190 kr
VEKO ULTRA COURSE





