Ekstremsport? Er det for meg? tenkjer kanskje du
Ja, seier vi - for ekstermsport kan vere så mangt.
Under denne konferansen skal vi nemlig bli kjent med ein eigen form for ekstremsport.
Nemlig det å koma seg gjennom tøffe omveltningar i livet – frå å overleve til å leve.
Og det gjer ein ikkje aleine.
Vener. Familie. Helsepersonell. Velferdsystem. Vi spelar kvarandre gode og vi støttar.
Men korleis? Kva er nøkkelfaktorane for meistring, inkludering og dei gode samarbeida?
Det skal du som er student eller arbeidar i helsevesenet, i idretten, i skulevesenet eller frivilligheita bli klokare på under denne konferansen.
Ekstremsportveko i samarbeid med Idrettsklynge Vest og Sunnaasstiftelsen vil gjennom denne konferansen utfordra det etablerte, inspirera til det utenkelege og bryta grenser. Vi lovar både inspirasjon og fagleg påfyll.
Sprei ordet, dette vil du ikkje gå glipp av!
Program
11.00 - 11.30 - Opning i Vekoånd og registrering!
11.30 - 11.40 - Velkomst og opningsinnlegg med Karina Hollekim
11.40 - 11.45 - Åpningsinnlegg med fylkesvaraordfører
11.45 - 12.00 - Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery
12.00 - 12.30 - "Den nye normalen - livet etter hjerneskade" med Anine Johansen og Karina Hollekim
12.30 - 12.45 - Sofaprat med Lubna, Anine og Karina
12.45 - 13.00 - Idrettsklynge Vest, Sunnaasstiftelsen & Ekstremsportveko
13.00 - 14.00 - Lunsj i Veko Diner
14.00 - 14.30 -"Ingen blir god åleine - idrett som middel til meistring" med Christian Gyldenøhr
14.30 – 14.45 - Sofaprat med Christian Gyldenøhr og Iwonka Vik Olsen
14.45 - 15.00 – Pause
15.00 - 15.30 - "Omorganisering av eige liv - frå aktiv 5 barnsfar og fysioterapeut til entreprenør og grunder" med Sigurd Groven
15.30 - 15.45 - Sofaprat om utfordringar knytt til dagens aktivitetshjelpemiddeltilbud med Sigurd Groven og Karina Hollekim
15.45 - 15.55 – Pause
15.55 – 16.40 - "Frå speedriderulykke tilbake til ekstremsport og kvardagen!" med Bernt Marius Rørstad
16.40 – 16.55 – Sofaprat med Bernt Marius og Karina
16.55 – 17.00 – Lukking av konferanse
17.00 - Formelt program ferdig. Kveldsprogram byrjar utover ettermiddagen
20.30 - 21.00 Premieutdeling
21.00 - 21.30 Dagens Video
21.30 - 23.00 HeidraFest. Konsert med fleire coverband som spelar kjente og gode slagere!
23.00 - 02.30 DJ-ar i Vekolounge
*Med forbehold om endringar i innhald og tider.
Foredragsholdare og gjester
Karina Hollekim (Konferansier)
Karina Hollekim er ei kvinneleg pioner innanfor BASE-hopping og frikøyring på ski. Ho levde som profesjonell utøvar for Red Bull og North Face til livet hennar tok ei dramatisk vending i 2006. Etter ti år som idrettsutøvar hende det verste tenkjelege - ho var involvert i ein nær fatal fallskjermulykke. I fritt fall smalt ho inn i ein stein og knuste begge beina. Det var eit mirakel at ho overlevde.
Karina hamna i rullestol med beskjed om at ho aldri ville kunne gå igjen, ei beskjed ho nekta å godta. Etter 20 operasjonar og utallige treningstimar kan ho no både gå, klatre og stå på ski.
I dag jobbar Karina som mental trenar for profesjonelle idrettsutøvarar og for leiarar i næringslivet. Ho er fagansvarleg for Sunnaasstiftelsens Mentorprogram og co-grunnleggjar i Young Happy Minds. Hennar lidenskap handlar om å bryte ned mentale barrierar og inspirere andre til å tru på seg sjølve og nå draumane sine.
Karina reiser verda rundt med førelesinga si, ei historie om rå viljestyrke og lidenskap – og dei avgjerande augneblinkane som kan forandre liva våre for alltid. Ho inspirerer tilhøyrarane til å bli målretta, og ho er provet på viktigheita av dei små endringane og korleis dei utgjer ein avgjerande forskjell over tid.
Lubna Jaffery
Kultur- og likestillingsminister.
Bernt Marius Rørstad
Bernt Marius Rørstad er oppvaksen blandt dei bratte Sunnmørsalpane, og gjekk på folkehøgskule på Voss.
I 2018 var Bernt Marius i ei alvorleg Speedrider-ulykke, som gjorde at han måtte amputere foten sin.
Han jobbar no som turnusfysioterapeut på Haukeland universitetssjukehus, og skal fortelle om vegen tilbake til ekstremsport og kvardagen.
Anine Johansen
Som 23-åring og nyutdanna sjukepleiar fekk Anine akutt hjerneblødning. Livet tok brått ein lang omveg. Ho møtte eit system som såg begrensingar – og som fokuserte på ting ho ikkje kunne. Anine takka nei til jobben ho vart tilbydd – å klistre konvoluttar.
I 2019 deltok Anine på Sunnaasstiftelsens Brain Camp. Her vart ho møtt av menneske som ikkje såg begrensingane – men ressursane – og som ville ha med seg Anine inn i teamet.
I dag er Anine tilsett i 50% som prosjektleiar i Sunnaasstiftelsen – og ansvarleg for fleire av stiftelsens prosjekt. Anine er ikkje redd for å dele av gode eller dårlege erfaringar – anten det er til helseministeren eller til NAV – under mottoet "ta meg med!
Sigurd Groven
I 2020 var Sigurd med på å legge grunnlaget for Exotek – eit norsk selskap der hensikta var å utvikle eit elektrisk terrengkjøretøy for menneske med nedsett gangfunksjon. Sigurd fekk sjølv ei ryggmargsskade i 2015 og såg raskt at tilgjengelegheita til naturen som rullestolbrukar er avgrensa.
Sigurd har gjennomført Sunnaasstiftelsens mentorprogram, er fembarnspappa og fysioterapeut – og veit kva jord i ansiktet er verdt. Ingenting er meir verdifullt enn fridomen til å sykle kor du vil – når du vil. Sigurd sette seg som mål å utvikle eit terrengkjøretøy som kan bringe naturen og menneska saman, skape moglegheiter for å utforske og nyte den utsikta ein ønskjer.
Sigurd er vant til å stå på ei scene anten det er for eige firma eller for å gi motivasjon til bedrifter eller til andre i same situasjon.
Christian Gyldenøhr
38 år gamle Christian er den danske nordmannen som berre to-tre år etter å ha fått ein ryggmargsskade var inne på det norske landslaget i parasykling.
Christian har gjennomført Sunnaasstiftelsens mentorprogram – og er også ein av stiftelsens prosjektmedarbeidarar. Hans evne til omstilling – til å sjå framover og setje seg mål – og jobbe målretta mot å nå desse, er heilt unik. Han har ei sterk stemme inn i idretten – med mål om betre vilkår også for parautøvarar.
Christian er ein erfaren og ettertrakta føredragshaldar – også frå før han fekk ein ryggmargsskade. Han har snakka mykje til mange innanfor både næringsliv og idrett.
Iwonka Vik Olsen
Iwonka jobbar i Olympiatoppen Vest med fleire av Noregs fremste parautøvarar. Ho er utdanna fysioterapeut ved Høgskulen i Bergen, og osteopat ved Høgskulen Kristiania, i tillegg til coachingutdanning.
Iwonka starta å arbeide med parautøvarar i 2006, då som symjetrenar og landslagsfysioterapeut for landslaget i parasymjing. Ho var med i Olympiatoppen sitt helseteam til Paralympics i Beijing 2008, London 2012 og Sotsji 2014. Ho følgde paraishockeylaget frå 2012 til 2014. Følgjer no parasymjing og parafriidrett mot Paris 2024.
Parallelt med dette har ho følgt opp andre topputøvarar i fleire idrettar.
Praktisk informasjon
Deltakeravgift
Deltakeravgiften til konferansen dekker inngang på konferansen, lunsj i Vekodiner og dagspass onsdag til Ekstremsportveko. Dette betyr at du får tilgang til alt som skjer på festivalområdet, i tillegg til konferansen. Det vært Dagens video, premieutdeling, Heidrafest, Vekolounge og meir. Dette blir garantert god stemning!
Prisar:
990 ,- (Inkluderer lunsj, konferanse og dagsbillett Onsdag for festival)
799,- Studentpris (inkluderer lunsj, konferanse og dagsbillett Onsdag for festival)
490,- (Inkluderer lunsj og konferanse)
300,- Studentpris (inkluderer lunsj og konferanse)
Sikre deg billett her!
Overnatting
Ønsker du overnatting på Scandic hotel under oppholdet ditt i forbindelse med konferansen. Kjøp dette samtidig som når du kjøper deltakeravgift. Bur du på Scandic hotel, får du ein fantastisk opplevelse, med god frukost og kun 3-4 minutters gange frå festivalområdet til Ekstremsportveko. Dette anbefales!
Korleis komme deg til Ekstremsportveko?
Ekstremsportveko foregår på Voss. Voss ligger på Bergensbanen, ca 1,5 time frå Bergen. Som alltid så anbefaler me tog, buss eller samkjøring med andre for å komme deg til Voss. Book deg ein togbillett, bussbillett eller fyll bilen med venner eller kollegaer. Me gler oss til å se deg på Voss denne onsdagen i Juni.
Spørsmål?
Kontakt Georg Hernes på georg@ekstremsportveko.com eller +47 976 06 827