VekoPride

Events VekoPride - Førebuing til prideparade for ungdom Ungdomshuset Wed 25.06 at 15:00 Free
Events VekoPride Vangsgata oppmøte pride-parade Wed 25.06 at 17:00 Free

🌈 Pridemarkering på Voss – Velkomen til ein fargerik og inkluderande dag!

Ekstremsportveko jobbar for at både me sjølve og Voss skal vere ein open, inkluderande og mangfaldig stad – god å bu i og god å besøke.

Saman med FriVoss, FRIVestland og Amnesty arrangerer me ei stolt og synleg prideparade. Terrorhendinga under Oslo Pride i 2022 minna oss på at Pride er viktigare enn nokon gong. Me jobbar for at alle – uansett seksuell orientering, kjønnsuttrykk eller kjønnsidentitet – skal kjenne seg trygge, respekterte og velkomne.

Me ynskjer å bidra til trygge prider over heile landet, spreie kunnskap og byggje synleg støtte. Me håpar at du vil vere med oss og vise verda at Voss er eit ope, inkluderande og mangfaldig lokalsamfunn.

📣 Me oppmodar alle – enkeltpersonar, bedrifter, lag og organisasjonar – til å bli med på markeringa.

👉 Det er GRATIS å delta på pridemarkeringa fram til kl. 19.00.


🏳️‍🌈 Program for dagen:

Kl. 15.00Førebuing til prideparade for ungdom i ungdomshuset
🎉 Gratis pizza og god stemning!

Kl. 17.00Appellar på Torget
📣 Med innlegg frå ordføraren, FRI Vestland og Amnesty.

Kl. 17.15Prideparade frå Torget til festivalteltet
🥁 Bli med og gå for kjærleik og mangfald!

Kl. 18.00Dragshow med Aleksander Divolino Hovne
🌟 I festivalteltet. Showet er gratis og passar for alle!

NB! Alle meiningar ein måtte ha er velkomne, så lenge dei ikkje er hatefulle, hetsande eller nedverdigande.

Ekstremsportveko har lenge hatt samarbeid med Amnesty International Norway, og dei er sjølvsagt med på årets pride markering. Her kan du lese meir om historia til LHBTIQ-arbeidet, og her kan du sjå korleis ein kan gjere meir for å støtte arbeidet - verda rundt. 

https://amnesty.no/kampen-fortsetter