Junior Award Ceremony - Sign Up

Sign Up Here

Juniorar på Premieutdeling og Dagens Video – Ekstremsportveko 2024

Juniorar er viktige for Ekstremsportveko og Stiftinga Ekstreme Voss. Dette er forankra i strategien vår for å auke andelen juniorar på arrangementet, sikre framtidige festivaldeltakarar, og bidra til vekst og vedlikehald av aktivitet i klubbane.

Tidlegare år har premievinnarar i juniorklassene blitt tatt inn bakvegen til festivalteltet for å motta premien sin og bli hylla for sportsprestasjonane sine. Dei har deretter kunna sjå Dagens Video saman med eit følgje frå Ekstremsportveko.

No ønskjer Ekstremsportveko å legge til rette for at både premievinnarar og andre juniorar som har deltatt i sportskonkurransar den dagen, skal få sjå både premieutdelinga og si eiga konkurranse og sport på Dagens Video i festivalteltet den dagen.

På grunn av skjenkeløyvet til Ekstremsportveko og eit samfunnsansvar for å halde alkohol og born adskilt, byr dette på utfordringar som krev tiltak for å sikre at både skjenkeløyvet til Ekstremsportveko ikkje blir trua, og at juniorar får oppleve premieutdelinga og Dagens Video.

Basert på dette vil følgjande gjelde for Ekstremsportveko 2024:

Adgang for Juniorar:

Kun juniorar som står oppført på påmeldingslistene frå ein eller fleire konkurransar den aktuelle dagen, og som er påmeldt til teltet, vil få bli tatt med inn for å sjå premieutdelinga og dagens video. I tillegg til å vere påmeldt konkurransen, må altså kvar junior også melde seg på sjølve premieutdelingen og Dagens Video. Kvar junior kan ha med seg ein føresett eller eit følgje. Denne personen må vere over 18 år.

Andre familiemedlemmar over 18 år blir rekna som vanlege festivaldeltakarar og må kjøpe pass. Dei må også benytte hovudinngangen for å sjå premieutdelinga og dagens video. Familiemedlemmar under 18 år får ikkje tilgang til teltet.

Påmelding til Premieutdeling og DV:

Påmeldinga må skje på førehand. Fristen for påmelding til teltet er kl.18:00 den dagen. Påmledingslink; https://booking.ekstremsportveko.com/en-GB/tickets/665b095960284700131a5dce
I tillegg vil informasjonen bli sendt ut til kvar påmeldt junior.

Oppmøte for Påmeldt Junior og Følgje:

Ved sandvolleyball-banen bak teltet kl.20:10 kvar kveld. Juniorar som har deltatt i konkurransar den dagen, men ikkje er påmeldt, vil ikkje få adgang. Påmelding er obligatorisk. Har du ikkje deltatt i konkurranse den dagen, men har meldt deg på, vil du heller ikkje få tilgang.

Ved sandvolleyball-banen vil du bli fylgt av ein eller fleire personar frå Ekstremsportveko- staben inn på baksida og inn til eit avgrensa område framme til høgre foran scena i festivalteltet. Her vil du stå saman gjennom heile premieutdelinga og dagens video. Når det er over, går du ut same veg som du kom inn kl. 21:30.

Et unntak er hvis du deltar på en konkurranse som har premieutdeling og visning av dagens video på ulike dager. Ved et slikt tilfelle må man melde seg på premieutdelingen Begge de aktuelle dagene og opplyse om hvilken konkurranse man har deltatt på for å få lov til å bli med inn i teltet begge dager. 

Brudd på Regler og Retningslinjer:

Om nokon av desse retningslinjene ikkje blir fulgt, eller ein avvik frå reglane som er satt, vil Ekstremsportveko kunne inndra pass på både utøvar og følgje, og ein kan bli utestengt frå resten av Ekstremsportveko 2024.

Spørsmål angående dette? Vennligst kontakt:

Sportsansvarlig, Georg Hernes +47 976 06 827 georg@ekstremsportveko.com

Jens Johnsen +47 95 44 65 78

Pernille Bos +45 23 30 64 54