Adaptive Sport
Veko Adaptive – Ekstremsport for alle
Ekstremsportveko handlar om å utfordre grenser og opne nye moglegheiter. Det gjeld også å gjere ekstremsport tilgjengeleg for alle.
Veko Adaptive er for utøvarar med funksjonsnedsettingar som ønskjer å delta i sport, konkurrere, utvikle ferdigheiter og oppleve den unike stemninga under Ekstremsportveko.
Under Veko er adaptive utøvarar ein viktig del av festivalen. Dei bidreg med inspirasjon, meistring og sterke prestasjonar på tvers av sportar og miljø. Målet er å skape ein arena der fleire kan delta, utfordre seg sjølve og bli ein del av ekstremsportmiljøet.
Kva er Veko Adaptive?
Veko Adaptive samlar konkurransar og aktivitetar under Ekstremsportveko som er tilrettelagde for utøvarar med funksjonsnedsettingar.
Nokre aktivitetar er spesialtilpassa adaptive utøvarar, medan andre konkurransar er opne for alle og inkluderer adaptive deltakarar på lik linje med andre utøvarar.
Kvifor adaptive utøvarar er viktige for Veko
Ekstremsportveko ønskjer å vise at ekstremsport kan vere for alle.
Ved å inkludere adaptive konkurransar og aktivitetar skapar vi ein arena der fleire får moglegheita til å oppleve meistring, fart, spenning og fellesskap.
Adaptive utøvarar er ein viktig del av Veko-fellesskapet og bidreg til å utvikle sporten vidare.
Kva kan du delta i?
På denne sida finn du ei oversikt over konkurransar og aktivitetar som er opne for adaptive deltakarar under Ekstremsportveko.
Ulike sportar har ulike tilpassingar og klassar, men alle gir den same moglegheita:
å utfordre deg sjølv, møte andre utøvarar og bli ein del av Veko-fellesskapet.
Ledsagerordning
Les meir om ledsagerordninga vår her!
Utforsk sportane, finn aktivitetane som passar for deg og bli med på opplevinga under Ekstremsportveko.