Deep Water Solo
Påmelding - Steg-for-steg Guide
1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Extreme Pass Junior, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.
Konkurransekonsept
Deep Water Solo er ein fartsfylt klatrekonkurranse der utøvarane klatrar utan tau, med berre vatn under som sikring.
Formatet er enkelt: Klatre raskare enn motstandaren din og slå på knappen på toppen først.
Det er ingen tau og ingen nye sjansar. Fell du, landar du i vatnet.
Slik fungerer det
- To utøvarar konkurrerer side om side på identiske ruter.
- Ved startsignalet startar begge klatrarane frå dei definerte starttaka og klatrar så raskt dei kan mot toppen.
- Den første utøvaren som når toppen slår på knappen. Eit lys viser vinnaren, medan lyset til motstandaren sløkkjer.
- Konkurransen følgjer eit cupformat, der vinnaren går vidare til neste runde.
- Etter kvalifiseringa går dei seks raskaste mennene og seks raskaste kvinnene vidare til finalen.
Rutedesign
- Rutene er laga for fart og flyt. Dei er utfordrande, men tilgjengelege for eit breitt spekter av klatrarar.
- Du treng ikkje ekstrem fingerstyrke. Timing, balanse og gode taktiske val er ofte det som avgjer.
Finale
- Dei seks beste mennene og seks beste kvinnene konkurrerer i ei rekkje head-to-head-duellar.
- Kvar runde byr på raske avgjerder, fullt fokus og maksimal innsats heilt til toppen.
- Forvent tette duellar, store flytt – og for nokre – ein spektakulær avslutning i vatnet.
Klassar
- Kvinner 16+
- Menn 16+
Utøvarar som er 16 eller 17 år kan delta dersom dei har gyldig Junior Pass.
Alder og pass vil bli kontrollerte før konkurransen.
Det krevst ingen tidlegare erfaring. Bare konkurranseinstinkt.
Påkrevd utstyr
- Klatresko
- Kalk
Administrative krav
Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:
- Gyldig Extreme pass, Junior Pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)
Bli med på eit energifylt klatrearrangement i Voss Utebasseng.
Enten du konkurrerer eller ser på frå sidelinja, kan du forvente fart, spenning og mange plask i vatnet!

