Singel-Event Sport Pass
Single-Event Sport Pass er eit alternativ for sportar som har éin konkurranse under Ekstremsportveko.
Passet gir deg deltaking i konkurransen og tilgang til festivalarena den dagen konkurransen går.
Single-Event Sport Pass gjeld berre for dei konkurransane der dette er oppgitt på eventsida.
Du kan alltid velje Extreme Pass, som gir tilgang til heile festivalveka og alle konkurransar.
Kva gir passet tilgang til?
Med Single-Event Sport Pass får du:
- deltaking i éin konkurranse
- tilgang til festivalarena den aktuelle dagen
- Dersom premieutdeling og dagens video skjer dagen etter konkurransen, vil passet også gi tilgang til festivalarena denne dagen.
- Passet gir ikkje tilgang til resten av festivalveka.
Pris
| Dag | Pris |
|---|---|
| Søndag – Onsdag | 590 kr |
| Torsdag – Laurdag | 1190 kr |
Prisen blir bestemt av dagen konkurransen blir arrangert.
Korleis fungerer det?
Når du melder deg på ein konkurranse som brukar Single-Event Sport Pass må du ha eitt av desse:
Extreme Pass
eller
Single-Event Sport Pass for riktig dag
Påmeldingssystemet sjekkar dette automatisk når du melder deg på.
Armband
- Deltakarar med Single-Event Sport Pass får same armband som dagspass for den aktuelle dagen.
- Armbandet gir tilgang til festivalarena berre den aktuelle dagen.
- Armband blir henta i billett- og akkrediteringsteltet på festivalområdet.
Oppgradering til Extreme Pass
Har du kjøpt Single-Event Sport Pass og ønskjer å vere med på meir av festivalen?
Du kan oppgradere til Extreme Pass ved å betale mellomlegget.
Oppgradering kan gjerast:
- i påmeldingssystemet før festivalen
- i billett- eller akkrediteringsteltet under festivalen
Ved oppgradering under festivalen må armbandet bytast til Extreme Pass-armband i akkrediteringa.
Viktig å vite
- Passet er personleg og kan ikkje delast
- Passet gir ikkje tilgang til andre konkurransar same dag
- Startplass blir avgjort av kapasitet i konkurransen
- Same refusjonsreglar gjeld som for andre festivalpass
Event som brukar Single-Event Sport Pass i 2026
Per no gjeld dette for:
Tysdag
Trampoline – Pro
Onsdag
Lokst Utøve
Torsdag
Trampoline – Junior
Indoor Skydiving
Laurdag
Veko Trail / Ultra