Ekstrem Eldrebuss

Activities Ekstrem eldrebuss Tinghuset Mon 24.06 at 09:00 Sign up

Velkommen til Ekstremsportveko og
Ekstrem eldrebuss!

Suksessaktiviteten "Ekstrem eldrebuss" rullar vidare under Ekstremsportveko 2024 også. I år vil Ekstrem eldrebuss gå føre seg mandag 24.06 frå kl. 09.00 til ca. 15.00. I år ønsker me å invitere alle eldre med på ein busstur fylt med god stemning, der ein skal få oppleve to av Voss sine kulaste aktivitetsplassar, Skydive Voss og Voss Vind. Denne mandagen går også Lyden av Voss føre seg i hovudteltet. Derfor ønsker me å slå sammen desse. Du vil med andre ord få oppleve Ekstremsporten på nært hold, før me avsluttar dagen med framsyning av lyden av Voss i teltet. Det blir også lagt opp slik at me kan eta lunsj i teltet før me ser på Lyden av voss. 


Lyden av voss:

Ein storslått fremvisning i samråd med Den kulturelle Spaserstokken under årets Ekstremsportveko.

I samband med kommunesamanslåinga mellom Voss kommune og Granvin herad fekk "nye" Voss herad hardingfela som kommunevåpen i 2020. I den samanhengen vart det stilt eit spørsmål i 2018: "Har det noko å sei at hjorten blir bytta ut med ei hardingfele?" Sjølvsagt, var svaret. Me måtte laga lyden til Voss, for lyd er like mykje identitet som målform, grafisk profil, tekst og foto.

Praktisk informasjon;
Bussbillett 100 kr pr. person. Denne kan bookast her, eller kjøpast i døra på dagen! 
Lunsj må kjøpast sjølv, og inngår ikkje i bussbilletten. Om ein ønsker å teste vindtunnelen, er me meir enn glade for å tilrettelegge for dette. Då gjeld prisar hos Voss vind. 

Program

09.00: Oppmøte Voss Tinghus

09.15: Avreise Voss Tinghus

09.30 - 11.00: Skydive Voss

11.00: Avreise Skydive Voss

11.15 - 12.45: Voss Vind - Vil du teste å flyga? Gi oss ein lyd! 

12.45: Avreise Voss Vind

13.00: Lunsj i Cafételtet (Lunsj inngår ikkje i bussbilletten.)

14.00: Lyden av Voss

 

HUSK: TA MED GODT MED DRIKKE OG GJERNE EN KLAPPSTOL/CAMPINGSTOL!

For spørsmål og booking:
Ekstremsportveko’s activity coordinator
Samid Ahmed aktivitet@ekstremsportveko.com